Lise Christoffersen (fødd 5. august1955 i Drammen) er ein norsk politiar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009. Lise Christoffersen er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo 1989 og har tidlegare arbeidd som forskar, lengst ved Institutt for sosialforsking, INAS. Ho var seniorrådgivar i rådgivingsselskapet Asplan VIAK AS 2003-2005.
Christoffersen var ordførar i Drammen frå 1995 til 2003, varaordførar 1992-95. Ho var medlem av Drammen bystyre 1980–2003, og formannskap (1984–2003). I 2003 tok Lise Christoffersen, på vegner av kommunen, imot den prestisjetunge Bymiljøprisen som var utdelt av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik.
Ho var medlem av Planlovutvalet som i 2003 gav ho si siste delinnstilling til ny plan- og bygningslov. Christoffersen har verv i styret for Strømsgodset sidan 2003.