Bragernes på nordsida av Drammenselva og Strømsø-Kobberviktangen på sørsida av elva vart gjeve ein faktisk, men ikkje formell status som ladestadar i eit kongebrev frå 1636. Desse to ladestadane fekk i 1715 rettar som kjøpstadar kvar for seg. Kjøpstaden Drammen vart skipa i 1811 ved at Bragernes og Strømsø vert slege saman, og dette er rekna som grunnlegginga av den noverande byen Drammen. Stiftamtmann, statsråd og lagtingspresident Marcus Gjøe Rosenkrantz (1762-1838) var ein av dei som tok initiativet til å slå saman Bragernes og Strømsø til Drammen i 1811, og difor fekk Rosenkrantzgata i dei noverande administrative bydelane Bragernes og Åssiden namn etter han i samband med at byen vart hundre år i 1911. Den 1. januar2020 slo Drammen, Svelvik og Nedre Eiker seg saman til nye Drammen kommune.[1]
Drammen kommune har innbyggjarar, men byen har vakse slik at han strekker seg inn i nabokommunane Lier, Asker og Øvre Eiker. Tettstaden Drammen har difor 122 955 innbyggjarar per 1. januar 2023 og er dermed den femte største i Noreg.
Namnet
Namnet er ei forvansking av det gamle namnet «Drafn», som var namnet på den inste delen av Drammensfjorden, 'fn'-leddet har som på dei fleste plassane austafjells blitt til 'mn'. Vidare har det blitt sett inn ein vokal for å forenkle uttalen av 'mn'-leddet.