Vikingtida er ein epoke i nordeuropeisk historie som strekker seg frå siste del av 700-talet til midten av 1000-talet. Ho var prega av vikingane, skandinaviskekrigarar og handelsfolk som drog på tokt i Europa og spreidde vald og varer. Vikingtida overlappa og gjekk over i mellomalderen.
Avgrensing av vikingtida
Den angelsaksiske krønika nemner eit vikingtokt i Dorset i 787evt., men tradisjonelt sett er det angrepet på klosteret på Lindisfarne i 793 som er rekna som start på vikingtida.[1][2] Arkeologiske kjelder tyder likevel på at nordbuar dreiv handel og kanskje òg plyndring i Europa før dette. Utvikling av havgåande seglskip og handelsnettverk gjekk òg føre seg tidleg på 700-talet.[3]
Norske og engelske soger nemner slaget ved Stamford Bridge og slaget ved Hastings i 1066 som mogeleg avslutning av vikingtida.
Årsaker til at folk reiste i viking
Ein veit ikkje kvifor folk byrja dra i viking. Auka kongemakt og strenge straffer for plyndring i Noreg kan ha vore ei av årsakene. Forfattaren Torgrim Titlestad legg òg fram den trugande framferda til Karl den store i sin iver etter å kristne Europa som årsak. Særleg kan danane ha følt seg truga av frankarane etter at dei slost mot saksarane frå 770-talet. I år 782 skal Karl den store ha tvangsdøypt opp til 4500 saksiske mann ved byen Verden an der Aller i Niedersachsen for seinare å halshogge dei.[4]