Niedersachsen er eit forbundsland som ligg nordvest i Tyskland. Hovudstaden er Hannover, arealet er 47 614 km² og folketalet 8 003 421. Det har kystlinje til Nordsjøen og har grense til Nederland. Forbundslandet Bremen er omslutta av Niedersachsen, men er ikkje ein del av det.