Wikimedia Commons
Commons er ei database med ulike filer, som bilete, videoar og lyd, som er heilt eller delvis frigjevne frå opphavsrettsvernet. Filene kan lastast ned av alle, men hovudmålet for prosjektet er at det skal kunna brukast av dei andre Wikimedia-prosjekta som til dømes Wikipedia, Wiktionary og Wikibooks. Prosjektet prøver å vera internasjonal og språknøytralt. Det vil seia at dokumentasjonen skal omsetjast til så mange språk som råd, og at filene ikkje alltid blir skildra eller sorterte på engelsk. Bakgrunnsstoff
|