Mecklenburg-Frampommern (tysk Mecklenburg-Vorpommern) er eit forbundsland i Tyskland. Hovudstaden er Schwerin, arealet er 23 174 km² og folketalet 1 628 378 i 2022. Mecklenburg-Frampommern ligg ved kysten av Austersjøen og har grense til Polen. Det var del av DDR fram til 1990. Det er det mist folketette forbundslandet i Tyskland.