Kåre Fostervold

Kåre Fostervold

Kåre Fostervold
Foto: Lars-Erik Hauge
Fødd10. oktober 1969 (55 år)
Porsgrunn
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
VervStatssekretær i Olje- og energidepartementet 16. oktober 2013–23. oktober 2015
Alle verv

Kåre Fostervold (fødd 10. oktober 1969) er ein norsk politikar for Frp. Han vart innvald på Stortinget frå Telemark i 2005 og var medlem av Stortingets næringskomité. Ved stortingsvalet 2009 mista Framstegspartiet sitt andremandat, og Fostervald vart då første vararepresentant.

Frå 16. oktober 2013 til 23. oktober 2015 var han statssekretær i Olje- og energidepartementet i regjeringa Solberg.

Stortingskomitear

Folkevalde verv

  • 1999–2003 Bystyremedlem Porsgrunn
  • 1999–2003 Fraksjonsleiar adm. Utvalet
  • 2003–2005 Bystyremedlem, nestleiar Frps gruppe i Porsgunn bystyre
  • 2003–2005 Medlem av formannskapet i Porsgrunn kommune

Tillitsverv i Frp

  • 1999 Valkampleiar, Telemark Frp
  • 1999–2001 Styremedlem, Porsgrunn Frp
  • 1999–2001 Sekretær Frps gruppe, Porsgrunn
  • 2001 – Valkampleiar, Telemark Frp
  • 2003 – Valkampleiar, Telemark Frp

Yrkesrøynsle

  • 1990–1991 SN-teneste, UNIFIL
  • 1991–1993 Lærling, Norsk Hydro, Porsgrunn
  • 1994–1995 Dagleg leier, Isaksen
  • 1996–1997 Elektrikar, Porsgrunn Elektro AS
  • 1998–1999 Formann, «Elektriker`n»
  • 1999–2000 Formann, Porsgrunn Elektro
  • 2000–2005 Produksjonssjef, Beha fabrikkar AS

Kjelder

Bakgrunnsstoff