Marit Nybakk (fødd 14. februar1947 i Nord-Odal i Hedmark) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho representerte valkrinsen Oslo på stortinget frå 1986 til 2017, siste fire år var ho stortinget sin visepresident.
Politisk karriere
Nubakk vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 1989, var vald inn i 1985 som vararepresentant, og møtte for Gro Harlem Brundtland frå 9. mai 1986. Ho vart fast representant 26. februar 1987 etter bortgangen til Knut Frydenlund.
8. oktober 2009 vart Nybakk vald til 3. visepresident i Stortinget. Ho vart i 2013 1. visepresident i Stortinget. Nybakk var president i Nordisk råd i 2013.
«Jeg vet at min generasjon har fått de politikere vi fortjener, men våre barn kan umulig ha fortjent politikere som Marit Nybakk», skreiv gjesteskribent Finn Holmer-Hoven i Skolefokus nr 7/1997.