Universitetet i Oslo (UiO, latinUniversitas Osloensis) vart grunnlagt i 1811 som Det Kgl. Frederiks Universitet (latin Universitas Regia Fredericiana). Universitetet vart kalla opp etter kong Fredrik VI av Danmark-Noreg. Eit viktig førebilete var Humboldt-universitetet i Berlin.
Universitetet, som endra offisielt namn i 1939, er det eldste universitetet i Noreg. Lenge vart institusjonen berre kalla «Universitetet», sidan det var det einaste universitetet i landet. Universitetet i Bergen opna som Noreg sitt andre universitet i 1946.
Universitetet i Oslo held til på Blindern i Oslo, der det frå 1930-talet og frametter har vorte bygd eit nytt universitetssentrum, «campus» i dagens terminologi. No er det berre Det juridiske fakultet som held til i dei opphavlege universitetsbygningane ved Karl Johans gate i sentrum av Oslo. Universitetet har kring 32 000 studentar.