Oslomet – storbyuniversitetet (tidlegare Høgskulen i Oslo og Akershus) er eit norsk statleg universitet med studiestadar i Oslo og på Kjeller i kommunane Oslo og Lillestrøm, og med kring 1 400 akademisk tilsette, kring 20 000 studentar og kring 800 teknisk-administrativt tilsette. Høgskulen i Oslo og Akershus var tidlegare den største høgskulen i Noreg og fekk status som universitet i 2018. Språkrådet tilrår skrivemåten Oslomet – storbyuniversitetet på nynorsk og bokmål.[1][2]