Universitetet i Søraust-Noreg (USN ) er eit norsk statleg universitet som vart oppretta 4. mai 2018.[ 1] [ 2] USN er ei vidareføring av Høgskolen i Telemark , Høgskolen i Vestfold og Høgskolen i Buskerud , som fusjonerte til éin institusjon i perioden 2014–2016, med namnet Høgskolen i Søraust-Noreg.[ 3] [ 4] [ 5] [ 6]
USN har åtte campusar som ligg på følgjande stader: Bø , Porsgrunn , Notodden , Rauland , Drammen , Hønefoss , Kongsberg og Horten (Bakkenteigen).[ 7] Til saman har USN 88 bachelorutdanningar, 44 masterutdanningar og 8 doktorgradsprogram.[ 8] Målt i tal på studentar er USN mellom dei største i Noreg innan høgare utdanning.
Kjelder
↑ Høgskolen i Sørøst-Norge blir universitet , stortinget.no, pressemelding Nr. 109-18, 4. mai 2018
↑ Offisielt fra statsråd 4. mai 2018 , regjeringen.no, 4. mai 2018
↑ Her er HSN , arkivert frå originalen 22. desember 2015, henta 26. april 2020
↑ Ikke Tind, ikke Ibsen, ikke Skagerrak, men Sørøst-Norge
↑ Kan bli høgskolen i Sørøst-Norge"
↑ Universiteter og høyskoler slår seg sammen , pressemelding, 19. juni 2015
↑ Campuser ved Universitetet i Sørøst-Norge , Universitetet i Sørøst-Norge
↑ «Våre Ph.d.-utdanninger» . Høgskolen i Sørøst-Norge (på norsk). Henta 13. februar 2018 .
Bakgrunnsstoff
Universitet Vitskaplege høgskolar Regionale høgskolar Andre statlege høgskolar