Inger Løite

Inger Løite

Fødd27. september 1958 (66 år)
Gjerstad
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Gjerstad 2015–
FøregangarKjell Trygve Grunnsvoll
VervStortingsrepresentant 2005–2009
Alle verv

Inger Haldis Løite (fødd 27. september 1958) er ein norsk arbeidarpartipolitikar. Ho vart innvald på Stortinget frå Aust-Agder i 2005. Ho kjem frå kommunen Gjerstad, lengst aust i Aust-Agder. Løite var medlem av Gjerstad kommunestyre i 1999-2003 og 2003-2007. Ho er ordførar frå 2015, sist attvald i 2019.[1]

Løite har jobba størsteparten av det yrkesaktive livet sitt som kundehandsamar i Telenor, og har mellom anna vore hovudtillitsvald ved Opplysningen 180. På Stortinget var ho medlem av Kommunal- og forvaltingskomiteen og Valkomiteen.

Referansar

  1. NRK (11. september 2019), «Ordfører fortsetter», NRK, henta 11. oktober 2019 

Bakgrunnsstoff