Øystein Kåre Djupedal (fødd 5. mai 1960) i Oslo er ein norsk politikar for SV. Djupedal var nestleiar i Sosialistisk Venstreparti frå 1997 til 2005, stortingsrepresentant frå 1993-2009 og kunnskapsminister frå 2005-2007.
Utdanning og yrke
Djupedal tok artium ved Trondheim Katedralskole i 1979 og utdanna seg til typograf ved Brundalen videregående skole i 1981–1983. Han var lærling ved Wennbergs trykkeri AS og tok svennebrev i litografi i 1985.
Stortinget
Han har vore stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag sidan 1993, og sat i fire periodar på Stortinget, til han gav seg som stortingspolitikar då den fjerde stortingsperioden gjekk ut i 2009.[1]
Regjering
Frå 17. oktober 2005 til 18. oktober 2007 var han kunnskapsminister i regjeringa Stoltenberg II. Han og miljøvernminister Helen Bjørnøy trekte seg frå regjeringa i oktober 2007, etter intern og ekstern kritikk mot innsatsen og gjennomslagskrafta deira.
Djupedal innleidde «barnehageløftet» i den andre Stoltenberg-regjeringa, stoppa veksten i privatskular i Noreg gjennom ei tilstramming i privatskulelova. I skulepolitikken stod han derimot for ei vidareføring av det Kunnskapsløftet som forgjengaren Kristin Clemet gjennomførte, med meir fokus på resultatmåling, nasjonale prøver og individuelt tilpassa opplæring og evaluering.
Fylkesmann i Aust-Agder
Djupedal vart i Statsråd 19. desember 2008 utnemnd til fylkesmann i Aust-Agder for ein periode på seks år.[2] Dette var ei utnemning som vart møtt med kritikk.[3] Øystein Djupedal melde seg fyrst som søkjar ein månad etter at søknadsfristen var gått ut, etter å ha vorte beden om å søkje på stillinga av fornyingminister Heidi Grande Røys.
Familie
Øyvind Djupedal er gift og har tre ungar. Han er son av Reidar Djupedal.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff