Då valresultatet viste at dei tre partia til saman fekk fleirtal i Stortinget, byrja regjeringsforhandlingar mellom dei tre den 26. september2005 på konferansestaden Soria Moria i Oslo. Soria Moria-erklæringa er ei nemning på forhandlingsresultatet, som er det politiske grunnlaget for regjeringa.
Dei tre regjeringspartia vann Stortingsvalet 2009, og fekk dermed høve til å halde fram i regjering. Dei tre partileiarane Stoltenberg, Navarsete og Halvorsen starta regjeringsforhandlingane måndag 21. september i Regjeringskvartalet i Oslo.
Onsdag 7. oktober 2009 la dei tre partia fram Soria Moria II, ei ny regjeringserklæring som skal fungere som ei plattform for det vidare arbeidet med å styre Noreg. Denne erklæringa vart lagt fram på konferansestaden Soria Moria i Oslo, på same måte som etter valet i 2005.
Regjeringa i september 2012
I 2012 hadde regjeringa totalt 20 medlemer, 12 statsrådar representerte Arbeidarpartiet, medan Sp og SV hadde fire statsrådar kvar. Statsministeren og partileiarar frå Sp og SV er rangert øvst, deretter kjem utanriksministeren og så resten av statsrådane i vilkårleg rekkjefølgje.