Statsministeren og statsrådane er medlemmer av statsrådet. Når regjeringa fattar viktige avgjerder som samla kollegium, skjer det som Kongen i statsråd, eit formelt regjeringsmøte hos Kongen. Det blir vanlegvis halde statsråd kvar fredag på Slottet i Oslo.
Ei regjering kan endrast undervegs ved at statsrådar blir skifta ut eller byter departement. Regjeringa blir likevel rekna å vere den same så lenge statsministeren sit.