Sjølv om tittelen statsminister blei introdusert i 1814, fekk han sitt noverande innhald gjennom reformer i 1873 og 1884. I 1873 avskaffa Oskar II det kvilande statthaldarembetet[1] og rolla som fyrstestatsråd blei forma om til ein aktiv regjeringsleiar: statsministeren. I 1884 knesette det norske Stortinget prinsippet om parlamentarisme;, det at regjeringa skal gå ut frå eller ha støtte frå eit fleirtal i nasjonalforsamlinga.
Perioden frå 1814 til 1873
I det meste av den tida Noreg var i union med Sverige var det ansvaret som i dag ligg til statsministeren delt på fleire roller. Representanten til kongen i landet, og regjeringas leiar, var statthaldaren. Han vart titulert visekonge om det var ein kongeleg som hadde embetet. Ein av statsrådane hadde i tillegg til sitt eige departement rolla som førstestatsråd eller regjeringens formann.[2]
Førstestatsråd var leiar av regjeringa i dei periodane statthaldarembetet var ledig. Tittelen statsminister blei i den same perioden nytta om den norske regjeringas representant i Stockholm, og denne – som sat nær kongen – hadde rang framføre kollegaen sin i Kristiania.
Stillingane som statsråd var i utgangspunktet embetsstillingar, og for den fyrste delen av perioden blir dei fleste statsrådstillingane, og som førstestatsråd og som statsminister i Stockholm, sett på som avansementstillingar for embetsverket. Det skjedde, særleg mellom 1860 og 1884, ein glidande overgang frå embetsstillingar til politiske utnemningar.[3]
Statthaldarstriden mellom Stortinget og dobbelmonarken var årsak til at embetet frå 1856 var ubesett. Etter at Oskar II i 1873 avskaffa embetet, gjekk tittelen statsminister over til å gjelde for leiaren av regjeringa i Noreg.
↑Christian Bretteville var konstituert som statsminister i Stockholm frå 16. desember 1858 til juni 1859, i perioden frå Georg Sibbern vart utnemnt til han tiltredde. Bretteville var òg konstituert 30. november–17. desember 1861, i ein periode mellom to ministerium, begge med Sibbern som statsminister i Stockholm
↑I overgangen mellom regjeringane Selmer og Schweigaard var Ole Bachke konstituert statsminister 11.–29. mars; og Niels Rye konstituert statsminister 29. mars–3. april 1884. Desse vart sjeldan tatt med i vanlege oversiktar, men er nemnt i oversikten på regjeringen.no