Severin Løvenskiold (fødd 7. februar 1777 i Porsgrunn , død 15. september 1856 på Fossum i Gjerpen (noverande Skien kommune ) i Telemark fylke )[ 1] var ein norsk verkseigar , embetsmann , kammerherre og politikar .
Utdanning og yrke
Løvenskiold var utdanna i bergvitskap i Tyskland og blei cand.jur. ved Københavns Universitet i 1796.[ 1] Han vart kammerjunker i 1796 og blei seinare tilsett i rentekammeret. Han blei assessor i kommercekollegiet i 1797 og i finanskollegiet i 1801, kor han var sekretær hos finansminister Ernst Heinrich von Schimmelmann . I 1802 kom han heim til Noreg for å ta over Fossum Jarnverk med den tilhøyrande herregarden etter faren.
Fossum Nordre, Fossum hovudgard fotografert i 1949. Bygninga er teikna av Christian Frederik Hansen og Johan Gottfried Böydler.Foto: Halvor Vreim / Riksantikvaren
Adgangsteikn for Severin Løvenskiold til riksforsamlinga på Eidsvoll.
Han vart utnemnd til amtmann i Bratsbergs amt 1803, kammerherre i 1804, styrar av Larvik grevskap 1805-1811. Han tok avskjed som amtmann i 1813.[ 1]
Politisk verksemd
Løvenskiold vart vald som fyrste representant frå Bratsbergs amt til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.[ 2] Her knytte han seg til unionspartiet .[ 3]
Etter at unionen mellom Sverige og Noreg var eit faktum, var han norsk forhandlar ved gjeldsoppgjeret med Danmark . Løvenskiold hadde dette ansvaret frå 1814 til 1817 , med tittel av statsråd.
Han var statsminister ved den norske statsrådsavdelinga i Stockholm i Sverige frå 1828 til 1841 . Frå 1841 til han døydde i 1856 var han statthaldar (rigsstatholder) i Noreg .[ 2] Etter Løvenskiold vart statthaldarembetet ståande ledig, til tittelen vart oppheva i 1873 .
Slekt
Løvenskiold var ein del av ei rik adelsslekt i Noreg,[ 3] son av kammerherre Severin Løvenskiold til Fossum jarnverk og Benedicte Henrikka Aall. Mora var tante til Jørgen , Niels , Jacob [ 1] og Benedicte Henrikke Aall gift med Ulrich Fredrich von Cappelen . Severin Løvenskiold var bror til Niels Aall Løvenskiold ,
Frederik Løvenskiold («Fritz») og Frederikke Løvenskiold .
Utmerkingar
Løvenskiold vart riddar av Serafimerordenen i 1829 og fekk storkrossen av St. Olavs Orden i 1847. I 1848 blei
han riddar av Elefantordenen og i 1853 fekk han Borgardådsmedaljen i gull. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1829 og æresmedlem av Kungliga Svenska Landtbruks-Akademien.[ 4]
Kjelder
↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Lindstøl, Tallak (1857-1925) (1914). «Løvenskiold, Severin». Stortinget og statsraadet: samt tillæg. D. 2 : Biografier L-Ø . Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. s. 576–577.
↑ 2,0 2,1 Biografisk informasjon om Severin Løvenskiold NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
↑ 3,0 3,1 «Severin Løvenskiold (1777-1856)» . Eidsvoll 1814 . Henta 10. mars 2015 .
↑ Tore Pryser . «Severin Løvenskiold» . Norsk biografisk leksikon . Henta 10. mars 2015 .
Bakgrunnsstoff