Jaabæk var frå garden Usland i Øyslebø. Han var i om lag 20 år skulehaldar i Holme og Øyslebø. Deretter tok han over farsgarden, men garden vart så teken frå han med odel. I 1802 kjøpte han garden Jåbekk i Holme og busette seg der. Han var ein driftig kar, og dreiv handel med både trelast og ullvarer. Varene kjøpte han på marknader, og selde dei vidare i heimbygda. Elles var han aktiv som smed og bøkker.
Jaabæk var i årevis prestens medhjelpar. I 1814 vart han vald til 2. utsending frå Mandals amt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han høyrde til unionspartiet.