Nikolai Scheitlie (24. juni1753–4. april1824) var ein norsk magasinforvaltar, eidsvollsmann og stortingsmann.
Scheitlie var fødd i Kristiania, der far hans ei tid var prokurator. Han var han fullmektig hos berghauptmann Hjort på Kongsberg, før han i 1780 vart kongeleg magasinforvaltar for opplagsmagasinet i Drammen. Denne stillinga hadde han fram til 1802, då han etter omlegging av forsyningane kom på vartpengar. Men han beheldt ein post som kommisjonær for Kongsberg sølvverk og for Blaafarveværket på Modum.
I 1818 var han stortingsmann for Drammen, var då medlem av sju komitear. Mellom komiteane fann ein både om Kongsberg sølvverk, om Røros koparverk og om bergverkslova.
Heimen hans frå 1789 - Scheitliegarden i Drammen - finst framleis.[2]
↑Jo Sellæg (2014). «Nicolai Scheitlie og Scheitliegården i Drammen». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 212-214. ISBN978-82-02-44564-5.
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914