Konvensjonen i Moss (òg kalla Mossekonvensjonen) av 14. august 1814 var ei våpenkvileavtale mellom den svenske kongen Karl XIII og det norske Stortinget. Avtalen blei underteikna i hovudbygninga til Moss Jernverk etter ein kort krig mellom Sverige og Noreg. Avtalen blei òg den faktiske fredsavtalen og la grunnlaget for personalunionen mellom Sverige og Noreg.