Anders Fredrik Skjöldebrand (14. juli 1757–23. august 1834) var ein svensk greve, general, statsråd, medlem av Svenska akademien (stol 18) og En af rikets herrar.
Skjöldebrand er særleg kjend for arbeidet med forhandlingane ved freden i Fredrikshamn som avslutta finskekrigen mellom Sverige og Russland i 1809. Han var òg med på å forhandle fram Mossekonvensjonen i august 1814.[1]
Skjöldebrand var fødd i Stockholm. Her vart han i 1810 utnemnd til överståthållare, ei teneste han hadde til 1812.
I 1799 reiste han gjennom Lappland og Finnmark. Denne reisa la grunnlag for verket Voyage pittoresque au Cap Nord, som kom ut i Stockholm i 1801-02. I dette verket har Skjöldebrand laga 62 illustrasjonar av typen akvatinter. 29 av desse motiva er henta frå Finnmark. Skjöldebrand sine verk har stor kulturhistorisk betydning, sidan han var blant dei første som gav att Finnmarklandskapet i så stor breidde og med såpass høg kunstnarisk kvalitet.
Kjelder