Russland

Росси́йская Федера́ция
Rossijskaja Federatsija

(norsk: Russland, russisk)

Det russiske flagget Det russiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Gosudarstvennyj gimn Rossijskoj federatsii»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Russland
Offisielle språk Russisk (mellom andre)
Hovudstad Moskva
Styresett
Føderal republikk
Vladimir Putin
Mikhail Misjustin
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
17 098 242 km² (1.)
0,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
142 257 519 (9.)
8,3 /km² (184.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Sovjetunionen
24. august, 1991
Nasjonaldag 12. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 471 000 mill. USD (6.)
24 500 USD (57.)
Valuta Rubel
Tidssone UTC+2 til +12
Telefonkode +7
Toppnivådomene .ru


Den russiske føderasjonen eller berre Russland (russisk: Российская Федерация, Rossijskaja Federatsija eller Россия, Rossija) er eit land i det austlege Europa og nordlege Asia. Storleiken er 17 075 200 km² og folketalet 142,9 millionar ved folketeljinga i 2010.[1] Den noverande staten Russland oppstod 25. desember 1991 som den største etterfylgjarstaten til den oppløyste Sovjetunionen.

Russland er det største landet i verda i areal, det strekkjer seg frå grensa mot Noreg og Finland i nordvest til Beringsundet i nordaust, frå grensene mot Baltikum, Kviterussland og Ukraina i vest, austover tvers gjennom Asia til grensa mot Nord-Korea og det nordlege Stillehavet. Russland er såleis både eit europeisk og eit asiatisk land, den geografiske grensa mellom verdsdelane blir vanlegvis rekna å gå langs fjellkjedene Ural og Kaukasus.

Politisk er Russland ein asymmetrisk føderasjon, dvs at dei 84 føderasjonssubjekta, som føderasjonen er bygd opp av, har ulik grad av sjølvstyre. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som opphavleg vart oppretta som sjølvstyrte einingar for etniske minoritetsgrupper. Hovudspråket russisk er eit av dei indo-europeiske språka.

Geografi

Russland er det største landet i areal i verda, og omfattar nesten ein tredel av det eurasiske kontinentet. Grensa mellom den europeiske og asiatiske delen av landet går ved fjellkjeda Ural. Den europeiske delen, vest for Ural, utgjer om lag 23 % av arealet. Den asiatisk delen, aust for Ural, vert òg kalla Sibir. Det nordlegaste punktet i Russland, Kapp Fligeli på øygruppa Frans Josefs land ligg på 81°51’ nord. Det austlegaste punktet, på den vestlegaste av dei to Diomedesøyane, ligg på 169°0’ aust, tre kilometer frå amerikansk territorium på den austlegaste av Diomedsøyane. Det sørlegaste punktet ligg ved grensa til Aserbajdsjan, og det vestlegaste ved grensa til Polen. Russland strekkjer seg 4000 kilometer frå nord til sør, og 10 000 kilometer frå vest til aust.

Russland si grense er 60 933 kilometer lang, derav er 38 808 kilometer kystlinje. Russland har grenser mot Noreg (196 km), Finland (1340 km), Estland (294 km), Latvia (217 km), Kviterussland (959 km), Litauen (281 km, gjennom eksklaven Kaliningrad oblast), Polen (232 km, det same), Ukraina (1576 km), Georgia (723 km), Aserbajdsjan (284 km), Kasakhstan (6846 km), Kina (3645 km), Mongolia (3485 km) og Nord-Korea (19 km). Landet har kyst til Austersjøen og Svartehavet i vest, Nordishavet i nord og Stillehavet i aust.

Som det største landet i verda omfattar Russland mange ulike landskapstypar, og stor geografisk variasjon. I den europeiske delen, og vest i Sibir, ligg store sletteland. Enorme område består av taiga og tundra. Store delar av landet har permafrost. Store fjellområde finn ein i Ural, aust i Sibir og i Kaukasus ved sørgrensa i Europa.

Russland er eit av landa som har grense til den største innsjøen i verda, Kaspihavet. I Russland ligg den djupaste innsjøen i verda, Bajkalsjøen, det høgste fjellet i Europa, Elbrus, den lengste elva i Europa, Volga og den største innsjøen i Europa, Ladoga. Fire av dei ti lengste elvene i verda renn gjennom den asiatisk delen av Russland: Jenisej, Ob, Amur og Lena. Den største øya i Russland er Sakhalin utanfor austkysten.

Hovudstaden er Moskva. Politisk er Russland delt inn i 83 føderasjonssubjekt - republikkar, distrikt, territorium og provinsar.

Kart over Russland. Klikk for større utgåve.

Klima

For meir om dette emnet, sjå Klima i Russland.

Klimaet i Russland har eit rykte på seg for vere ekstremt kaldt. Likevel har store delar av landet ein gjennomsnittleg dagtemperatur over 20 °C om sommaren, og ein kan til og med få enkelte hetebølgjer. Torebygene vert sjeldan kraftige bortsett frå i fjellområda og på dei sørlege steppene. Ein kan ha periodar med lett regn eller snø over store delar av landet, og sjølv om periodane kan vare ganske lenge kjem det sjeldan store mengder. Dei einaste stadane som har ein normal årsnedbør over 1000 mm er kysten av Stillehavet og enkelte stasjonar i fjellet.

Den europeiske delen av Russland ligg langt nok vest til at maritim luft frå Atlanterhavet stundom kan påverke vêret. Aust for Uralfjella, i den asiatiske delen av landet, oppstår det ei enorm og kald luftmasse ut på hausten, som vert liggande til ut på våren. Det er dei lågareliggande områda som merkar denne kulda mest, og i åssidene kan temperaturen vere så mykje som 20 °C varmare. Likevel vil dei fleste områda av Sibir kome under -40 °C kvar vinter, og enkelte stader kan bli mykje kaldare. Den store temperaturskilnaden mellom aust og vest, gjer at moskovittar like gjerne kan dra vestover som sørover for å finne varmare forhold. Heile landet er kaldt nok til at det kan dekkast av eit 30 cm snødekke, som vert liggande heile vinteren. Våren kjem fort på og i løpet av april og mai er det meste av snøen borte. Bortsett frå på den arktiske kysten og i dei austlege områda, kjem mesteparten av nedbøren om sommaren i form av regnbyer.

Historie

For meir om dette emnet, sjå Russisk historie.

Forsvar

Russiske tropper paraderer under en 9. mai-feiring. Den såkalte Seiersdagen, som minnast avslutninga av andre verdenskrig, nyttast til store militærparadar i Russland

Det russiske forsvaret har dei tre forsvarsgreinene Hæren, Marinen og Russlands luft- og romforsvar. I tillegg kjem Dei strategiske rakettstyrkane, og Dei russiske luftlandestyrkane, som har ei uavhengig stilling og ikkje er underlagt forsvarsgreinene. Forsvaret er organisert under Forsvarsdepartementet i Russland, med Russlands president som øvstkommanderande. Russland har verneplikt, der menn har pliktteneste i eitt år og kallast inn i løpet av alderen 18 til 27 år. Dei årlege forsvarsutgiftene utgjer 3,9 % av BNP.[2] Det er stadig minkande mannskap i det russiske forsvaret; medan forsvarsstyrkane i 1992 talde 2,8 millionar mann, gjekk talet ned til 1,2 millionar i 1999 og til 850 000 i 2003.[3]

Demografi

Nevninga russkij («russar») vert brukt om etniske russarar, om dei bur i Russland eller ikkje, medan ordet rossijanin omfattar alle borgarar av Russland («russlendingar»). Ved folketeljinga i 2010 var 77,7 % av innbyggjarane i Russland etniske russarar, ein nedgang frå 79,8 % i 2002. Resten av folkesetnaden utgjorde opptil 160 ulike minoritetsgrupper. Dei største var:[1]

Folketalet i Russland har vore minkande, og gjekk ned med 3,0 % mellom folketeljingane i 1989 og 2010:[1]

  • 1959: 117 534 000
  • 1970: 130 790 000
  • 1979: 137 410 000
  • 1989: 147 220 000
  • 2002: 145 200 000
  • 2010: 142 900 000

I 2007 hadde Russland 11 millionbyar:

Kultur

Den russiske tenkjemåten

Det er hevda at den russiske tenkjemåten og mentaliteten skil seg generelt frå den vesteuropeiske på grunnleggjande vis, og at folk med vestleg bakgrunn difor ikkje utan vidare vil kunne skjøne seg på russisk religiøsitet, samfunnstilhøve og politiske prosessar.[4]

Språk

Det vert tala over 100 ulike språk i Russland. Dei fleste språka er med i den indoeuropeiske, altaiske, uralske, kaukasiske eller paleoasiatiske språkfamilien. Om lag 92 % av folketalet, 130 millionar menneske, har russisk som morsmål. Russisk er òg offisielt språk i Den russiske føderasjonen. Mange av dei enkelte føderasjonssubjekta gir òg offisiell status til eitt eller fleire andre språk. Folketeljinga i 2002 talde kor mange som meistra andre språk enn russisk, men registrerte ikkje om dette var som morsmål eller andrespråk, difor kjem òg vesteuropeiske språk med på lista:[5]

Religion

Tradisjonelt har russarane vore russisk-ortodokse kristne. Ortodoks kristendom var statsreligion fram til revolusjonen i 1917, etter at storfyrsten, Vladimir I av Kiev, konverterte til kristendommen i 988. Mange folkeslag som vart underlagt det russiske imperiet konverterte òg til ortodoks kristendom, men mange, særskilt muslimske folkeslag, heldt fast ved den gamle religionen sin. Ei lov frå 1997 definerte kristendom, islam, buddhisme og jødedom som del av Russland si historiske arv.

Det finst i dag ikkje offisiell statistikk over talet på truande for ulike religionar i Russland, men etter overslag midt på 1990-talet var om lag 50 % av folket ikkje truande. 30-40 % var russisk-ortodokse kristne. Ei undersøking i 2007 fann at 63 % av folket såg seg sjølv som ortodokse kristne.

Talet på muslimar vert vurdert til mellom 10 og 20 millionar. Fleire av folkeslaga langs Volga, t.d. tatarar og basjkirar, og i Nord-Kaukasus, t.d. tsjetsjenarar, er tradisjonelt muslimar. Det finst over 6000 moskear i Russland.

Burjatar, tuvinarar og kalmykar er tradisjonelt buddhistar. Russlands buddhistiske samband vurderer talet buddhistar til mellom 1,5 og 2 millionar.

Ved folketeljinga i 2002 oppgav om lag 230 000 personar jødisk nasjonalitet. Dei fleste jødane i Russland er sekulariserte. Eit stort tal jødar har utvandra til Israel dei siste tiåra. Det finst om lag 70 synagogar i Russland.

Politikk

Russland er ein føderal, presidentstyrt republikk. Føderasjonen består av 84 føderasjonssubjekt. Landet vert styrt etter grunnlova som vart vedtatt 12. desember 1993. Statsleiaren er presidenten, som vert vald for fire år om gongen ved allmenne val. Førre val var den 2. mars 2008, då Dmitrij Anatoljevitsj Medvedev vart vald til sin første presidentperiode. Presidenten kan ikkje stille til val meir enn to gonger på rad. Presidenten har store fullmakter. Han styrer utanrikspolitikken, og er øvstkommanderande for dei væpna styrkane. Presidenten utnemner statsministeren, som må godkjennast av nasjonalforsamlinga, dumaen. Om presidenten fell frå, vert statsministeren fungerande president.

Nasjonalforsamlinga består av to kammer: Føderasjonsrådet (Sovet federatsii) og Statsdumaen (Gosudarstvennaja Duma). I føderasjonsrådet sit to representantar for kvart føderasjonssubjekt. I statsdumaen sit 450 representantar som vert valde ved forholdstalsval, med ei sperregrense på sju prosent. Ved det siste parlamentsvalet, 2. desember 2007, vart partiet Sameint Russland det klart største, med 64,3 % av røystene, og 315 plassar i dumaen. Tre andre parti kom inn i dumaen, Den russiske føderasjonens kommunistiske parti (57), Russlands liberaldemokratiske parti (40) og Rettferdig Russland (38).

Under Vladimir Putin sin presidentperiode (frå 2000 til 2008) vart forholda for opposisjonen i Russland vanskelegare. Den liberale opposisjonen boikotta presidentvalet i 2004. Parlamentsvalet i 2007 vart rekna som ufritt og manipulert av internasjonale observatørar, og det same gjaldt presidentvalet i 2008. Manipuleringa var mest tydeleg i enkelte av dei føderale republikkane - Sameint Russland fekk, etter dei offisielle resultata, over 99 % av røystene i republikkane Tsjetsjenia og Ingusjetia.

Føderasjonssubjekta fekk mindre sjølvstyre under Putin. Seks lite folkesette føderasjonssubjekt har blitt slått saman med naboområde, slik at talet på føderasjonssubjekt i mai 2008 er 83. Russland har vorte kalla ein asymmetrisk føderasjon, dette tyder at graden av sjølvstyre varierer mellom føderasjonssubjekta. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som er oppretta for ein eller fleire etniske minoritetar. Alle føderasjonssubjekta har eit parlament og ei regjering. Leiarane av republikken har tittelen president. Etter 2004 er ikkje desse leiarane lenger folkevalde, men vert utpeika av Russlands president. Dei må så godkjennast av det regionale parlamentet. Russland er òg delt inn i sju føderale distrikt. Leiaren av desse vert utpeika av Russlands president, og skal sjå til at føderasjonssubjekta fylgjer grunnlova.

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010
  2. «Russia». The World Factbook (på engelsk). CIA. 2009. Arkivert frå originalen 3. juli 2015. Henta 24. september 2009. 
  3. Menon (2004, s. 252)
  4. Den russiske idéverda og tilhøyrande problemstillingar er det gjort greie for i til dømes den russiske idéhistorikaren Nikolaj Berdjajevs bok Den russiske idé og nordmannen Peter Normann Waages bok Russland er sitt eget sted.
  5. Folketeljinga i 2002, arkivert frå originalen 26. januar 2012, henta 16. februar 2008 

Litteratur

  • Menon, Rajan (2004). «Leaders, structural conditions, and Russia's foreign policy». I Brudny, Yitzhak; Frankel, Jonathan; Hoffman Stefani. Restructuring Post-Communist Russia. Cambridge University Press. ISBN 9780521840279. 
  • Berdjajev, Nikolaj. 2012. Den russiske idé : Grunnleggende problemer i russisk tenkning på 1800-tallet og begynnelsen av 1900-tallet. Omsett til norsk av Torgeir Bøhler, innleiing av Pål Kolstø, personregister og forklårande notar. Oslo 2012: Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1704-1
  • Waage, Peter Normann, Russland er sitt eget sted : streker til et lands biografi. [Oslo] 2012: Arneberg Forlag. ISBN 978-82-8220-036-3

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Russland

Read other articles:

Istana StockholmKungliga slottetIstana StockholmInformasi umumStatusMasih digunakanJenisIstanaGaya arsitekturBaroqueAlamatKungliga SlottetS-111 30 StockholmKotaStockholmNegaraSwedenKoordinat59°19′37″N 18°04′18″E / 59.32694°N 18.07167°E / 59.32694; 18.07167Koordinat: 59°19′37″N 18°04′18″E / 59.32694°N 18.07167°E / 59.32694; 18.07167Penyewa sekarangIstana Kerajaan SwediaMulai dibangun1697Rampung1760Diresmikan7 Desember...

 

 

James Barton Longacre Kepala Juru Ukir Lembaga Percetakan Uang Logam Amerika Serikat ke-4Masa jabatan16 September 1844 – 1 Januari 1869Presiden John Tyler James K. Polk Zachary Taylor Millard Fillmore Franklin Pierce James Buchanan Abraham Lincoln Andrew Johnson Direktur Lembaga Percetakan Uang Logam Robert M. Patterson (1844-1852) George N. Eckert (1852-1853) Thomas M. Pettit (1853) James Ross Snowden (1853–1861) James Pollock (1861–1866) William Millward (1866–1867) Henry L...

 

 

Vivienne WestwoodLahirVivienne Isabel Swire(1941-04-08)8 April 1941Tintwistle, Derbyshire, InggrisMeninggal29 Desember 2022(2022-12-29) (umur 81)Clapham, London, InggrisKebangsaanBritishPendidikanUniversity of Westminster, Middlesex UniversityPekerjaanPerancang busana/Wanita karierLabelVivienne WestwoodSuami/istriSam Westwood (1962–65) (bercerai); 1 anakAndreas Kronthaler (sejak 1992)AnakBen Westwood (lahir 1963)Joseph Corré (lahir 1967)PenghargaanBritish Fashion Designer of the Year...

Civil war in Peru Peruvian Civil War of 1834Orbegoso enters Lima, 1842 painting by Ignacio MerinoDate1834Location PeruResult Revolutionaries defeated, reconciliation of government forces and the Bermudist rebels.Belligerents Government of Peru RevolutionariesCommanders and leaders Luis José de OrbegosoGuillermo MillerFelipe Santiago Salaverry Pedro BermudezJosé Rufino Echenique vteCivil wars in Peru 1834 1835–1836 1836–1839 1843–1844 1854–1855 1856–1858 1865 1867 1884–1885 ...

 

 

Italian football club Football clubAngriFull nameUnione Sportiva Angri 1927 Associazione Sportiva DilettantisticaFounded1927GroundStadio Pasquale Novi,Angri, ItalyChairmanArmando LanzioneManagerLuigi SanchezLeagueSerie D2022-2023Serie D Home colours Away colours Unione Sportiva Angri 1927 Associazione Sportiva Dilettantistica is an Italian association football club located in Angri, Campania. In season 2022/23 it plays in Serie D History Old Angri logo ...-2011 Origins Angri was founded in 19...

 

 

العلاقات الفلسطينية الإماراتية     فلسطين   الإمارات السفارات سفارة فلسطين في الإمارات   العنوان : أبوظبي، الإمارات العربية المتحدة سفارة الإمارات في فلسطين   العنوان : رام الله، فلسطين الحدود لا حدود برية مشتركة تعديل مصدري - تعديل   العلاقا�...

البيوت العربية التقليدية هي البيوت القديمة التي سكنها العرب حتى بداية القرن العشرين. تطورت تصاميم هذه البيوت عبر الزمن وتغيرت مسميات العناصر عدة مرات بتغير اللغات واللهجات وتأثير المحتلين أو الأقوام غير العربية المقيمة مع العرب. التخطيط العام يتوجه البيت العربي نحو الدا�...

 

 

Questa voce o sezione sull'argomento nobili francesi non cita le fonti necessarie o quelle presenti sono insufficienti. Puoi migliorare questa voce aggiungendo citazioni da fonti attendibili secondo le linee guida sull'uso delle fonti. PhilippeChevalier de Lorraine Nome completoPhilippe de Lorraine Nascita1643 MorteParigi, 8 dicembre 1702[1] PadreEnrico di Lorena MadreMarguerite Philippe du Cambout FigliAlexandre bâtard de Lorraine Filippo di Lorena, chiamato lo Chevalier ...

 

 

Voce principale: Unione Sportiva Poggibonsi. Unione Sportiva PoggibonsiStagione 1993-1994Sport calcio Squadra Poggibonsi Allenatore Maurizio Londi Presidente Giorgio Giorli Serie C214º posto nel girone B. Maggiori presenzeCampionato: Ivan (33) Miglior marcatoreCampionato: Codice (9) 1992-1993 1994-1995 Si invita a seguire il modello di voce Questa voce raccoglie le informazioni riguardanti l'Unione Sportiva Poggibonsi nelle competizioni ufficiali della stagione 1993-1994. Rosa N. Ruolo...

يفتقر محتوى هذه المقالة إلى الاستشهاد بمصادر. فضلاً، ساهم في تطوير هذه المقالة من خلال إضافة مصادر موثوق بها. أي معلومات غير موثقة يمكن التشكيك بها وإزالتها. (فبراير 2016) برج القرد برج القرد أحد الأبراج الإثني عشر الصينية إن المولودين ضمن التواريخ أدناه من برج القرد حسب من يع...

 

 

ضريح ميرزا أمين التجار مشهديمعلومات عامةنوع المبنى ضريحالمكان سبزوار[1] المنطقة الإدارية مقاطعة سبزوار البلد  إيرانالاستعمال ضريح الصفة التُّراثيَّةتصنيف تراثي المعالم الوطنية الإيرانية[1] (2005 – ) معلومات أخرىالإحداثيات 36°12′19″N 57°41′06″E / 36.20519°N 57.68494�...

 

 

جاب تاك هاي جانजब तक है जान (بالهندية) معلومات عامةالصنف الفني فيلم دراما[1][2] — فيلم رومانسي[2][1][3] تاريخ الصدور 12 نوفمبر 2012 (مومباي)15 نوفمبر 2012[4] (ألمانيا) مدة العرض 176 دقيقة اللغة الأصلية الهندية البلد  الهند موقع الويب yashrajfilms.com… (الإنجليزية)...

GMMTVSebelumnyaGrammy TelevisionJenisLimitedIndustriProduksi televisiDidirikan3 Agustus 1995; 28 tahun lalu (1995-08-03)Kantorpusat30th Floor of GMM Grammy Place, Bangkok, ThailandTokohkunciSataporn PanichraksapongInduk GMM Grammy GMM Channel Holding Situs webwww.gmm-tv.com GMMTV (Thai: จีเอ็มเอ็มทีวีcode: th is deprecated , RTGS: Chi em em thiwi, atau sebelumnya bernama Grammy Television) adalah anak perusahaan konglomerat hiburan Thailand GMM Grammy, di bawa...

 

 

Vice-presidential election in India 2012 Indian vice presidential election ← 2007 7 August 2012 2017 →   Nominee Mohammad Hamid Ansari Jaswant Singh Party INC BJP Alliance UPA NDA Home state West Bengal Rajasthan Electoral vote 490 238 Percentage 67.31% 32.69% Vice President before election Mohammad Hamid Ansari INC Elected Vice President Mohammad Hamid Ansari INC This article is part of a series on the Politics of India Constitution and law Constitution o...

 

 

يفتقر محتوى هذه المقالة إلى الاستشهاد بمصادر. فضلاً، ساهم في تطوير هذه المقالة من خلال إضافة مصادر موثوق بها. أي معلومات غير موثقة يمكن التشكيك بها وإزالتها. (ديسمبر 2018) كولومبيا كأس العالم 1998 الاتحاد المشرف اتحاد كولومبيا لكرة القدم البلد المضيف  فرنسا المدرب Hernán Darío Góm...

Search algorithm finding the position of a target value within a sorted array This article is about searching a finite sorted array. For searching continuous function values, see bisection method. Binary searchVisualization of the binary search algorithm where 7 is the target valueClassSearch algorithmData structureArrayWorst-case performanceO(log n)Best-case performanceO(1)Average performanceO(log n)Worst-case space complexityO(1)OptimalYes In computer science, binary search, also known as h...

 

 

Kōriyama 郡山市Kota intiAtas: Pemandangan gedung Kōriyama Big-i dan Stasiun Kōriyama, Tengah: Kuil Kaisei-zan Daijingū, Dataran Nunobiki yang berlokasi di dekat Danau Inawashiro, Bawah: Bandai-Atami Spa, Festival Uneme Kōriyama di bulan Agustus (semua gambar dilihat dari kiri ke kanan) BenderaEmblemLokasi Kōriyama di Prefektur FukushimaKōriyamaLokasi di JepangKoordinat: 37°24′01″N 140°21′35″E / 37.40028°N 140.35972°E / 37.40028; 140.35972Negara...

 

 

Lowest rank of Scottish nobility This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these messages) This article relies excessively on references to primary sources. Please improve this article by adding secondary or tertiary sources. Find sources: Lord of Parliament – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (January 2020) (Learn how and when to remove this message) This ...

Indonesian politician and businessman In this Indonesian name, the name Bakrie is a family name, and the person should be referred to by the family name Bakrie. This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these messages) You can help expand this article with text translated from the corresponding article in Indonesian. (March 2014) Click [show] for important translation instructions. Machine translation,...

 

 

Belgian Noble family House van der Noot The Van der Noot family is a Belgian noble family. The title of Count van der Noot is a title created by Emperor Charles VI on 16 May 1716.[1] Since then this title belongs to the Belgian nobility.[2] They are the current holders of the Marquess of Assche title. History The house of van der Noot is divided in 7 families and branches, the most known is the branch of the Barons of Carloo, Baron of Schoonhoven and Marquess of Assche.[3&...