Tatarstan
Tatarstan[a] er ein republikk i Russland, og eit av dei russiske føderasjonssubjekta. I 2021 hadde republikken 3 894 120 innbyggjarar. Hovudstaden er Kazan, og sidan 2010 har Rustam Minnikhanov vore president.[1] GeografiTatarstan ligg på den aust-europeiske sletta, om lag 800 kilometer aust for Moskva. Elvene Volga og Kama møtest her. Andre store elver er Belaja og Vjatka, som begge renn ut i Kama. Republikken strekkjer seg 290 kilometer frå nord til sør, og 460 kilometer frå aust til vest. Han er 67 836 km², og er omtrent like stor som Innlandet og Buskerud til saman. Landskapet er hovudsakleg flatt, med nokre låge høgdedrag. 90 % av arealet ligg under 200 meter over havet. Omtrent 16 % er skogkledd. Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen er –14 grader celsius i januar og 19 grader celsius i juli. Republikken har store oljeressursar. FolkesetnadDei største byane i Tatarstan er hovudstaden Kazan (1 144 000 ibuarar), Naberezjnyje Tsjelny (513 200), Nizjnekamsk (234 000) og Almetjevsk (146 400).[2] Majoritetsbefolkninga er tatarar, men russarane utgjer ein stor minoritet. Offisielle språk er russisk og tatarsk. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[2]
MerknaderKjelder
Bakgrunnsstoff |