Russisk språk blir skrive med kyrilliske bokstavar,
Utbreiing
Russisk blir tala i Russland og av etniskerussarar og andre russiskspråklege (ukrainarar, belarusarar, polakkar, jødar, tatarar og andre som nyttar russisk) i andre tidlegare delar av Sovjetunionen og/eller Tsar-Russland. Tilhøva i grannelanda Belarus og i Ukraina er særskilt forvite å fylgja med på sidan ukrainsk, belarusisk og russisk er nærskylde aust-slaviske grannespråk med mykje felles historie. I Belarus er russisk det dominerande språket, òg mellom etniske belarusarar. Ukraina har russisktalande i heile landet, men færrast i vestre og eit tyngdepunkt i austre helvta av landet. Her er det òg flest etniske russarar. Alt i alt skal Ukraina ha 17,3 % etniske russarar, og mellom 29,6 % og 43-46 % russiskspråklege.
Om russisk skal få offisiell status er eit splittande spørsmål i ukrainsk politikk. Sameleis i Latvia (med 41 % russiskspråklege).
I Noreg blir det undervist i russisk som andre framandspråk på eit fåtal vidaregåande skular. Universiteta i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim og høgskulen i Finnmark underviser i russisk språk.
Grammatikk
Fonologi
Russisk har seks vokalar, som vist i tabellen nedanfor. Det er det klassiske femvokalsystemet i, e, a, o, u, pluss ein lukka midtre urunda vokal, som blir skrive ы.
I den europeiske delen av Russland finst det tre store regionale dialektgrupper: nord-, mellom- og sørrussisk. Desse regionale gruppene kan så vidare delast inn i meir lokale dialektar. I høve til dei store avstandane i Russland er det etter måten mindre variasjon enn i mange andre europeiske land, men nokre dialektar er likevel så forskjellige at det er vanskeleg å forstå einannan.
Nordrussisk
Nordrussisk kan avgrensast av ei nordaustleg linje frå Ladogasjøen via Novgorod og Jaroslavl til Josjkar-Ola. Denne dialekten har ein klar uttale og ustemt «o» (оканье – okanje), guttural «g» og ein hard «t». Dei nordrussiske dialektane kan grovt klassifiserast etter geografisk område:
Mellomrussisk vert tala i eit område som ligg mellom Sankt Petersburg, Novgorod, Jaroslavl og Tsjeboksary i nord, til Velikije Luki, Moskva og Penza i sør. Men det er ikkje skarpe grenser og dette området er farga både av nord- og sørrussisk. I vest finn ein ustemt «o». Mellomrussisk vert ofte delt i fyljande geografiske dialektar:
Sørrussisk vert tala i områda sør for Velikije Luki, Rjazan og Tambov. Her vert ustemt «o» uttala som «a», dei har frikativ-«g» og blaut «t». Sørrussisk vert delt i dei geografiske dialektane: