Verb![]() Verb eller gjerningsord er ein ordklasse typisk knytt til noko som skjer, og kan i norsk definerast som ord som endrar form etter kva tidsreferanse setninga har. Verba utgjer ein open ordklasse. I ulike språk kan verba ha ulik form som skil seg etter tid, aspekt, modus og valens; og dessutan kjønn, person og tal i høve til nokre av argumenta sine — slik som subjekt, objekt og anna. Mange verb målber handling (kaste, lesa, vurdere), hending (glitre, hende, rotne) eller eksistens i ein tilstand (vera, finnast, leva, blotne). ValensValensen eit verb har målber kor mange rollar (subjekt, objekt, omsynsledd) eit verb kan ha. I norsk reknar vi konvensjonelt med tre typar valens: Univalente verbEit univalent verb kan berre ha subjekt, og ikkje nokon type objekt eller omsynsledd:
Bivalente verbEit bivalent verb kan ha subjekt og éin type objekt (anten direkte objekt eller omsynsledd):
Trivalente verbEit trivalent verb kan ha subjekt, objekt og omsynsledd:
Andre typar valensPå nokre språk kan ein ha nullvalente verb — verb der verbet ikkje tek subjekt:
VerbbøyingVerbbøyinga blir delt i finitte og infinitte verbformer, finitte verb er verb som kan danne setningar, mens infinitte verb sjølv er argument for finitte verb. Formelt sett er skilnaden at finitte verbformer er bøygd i modus, mens infinitte ikkje er det. Finitte verbformerModus
Modus er ein grammatisk kategori som klassifiserer utsegna. Den nøytrale modusen er indikativ. Imperativ blir brukt i befalande setningar, konjunktiv i setningar der talaren vil signalisere at ho ikkje står attom det som blir formidla. Tid (tempus)Aspekt
Infinitte verbformerInfinitte verbformer er argument til finitte verbformer. Infinitte verbformer oppfører seg enten som substantiv eller som adjektiv. Den første typen kallast infinitivar (i argumentposisjon) eller eller gerundium (oftast i ikkje-argumentposisjon), den andre partisipp. InfinitivarGerundiumsformerPartisippformerSjå Partisipp Kongruens |