Republikken Latvia er eit lite land nordaust i Europa. Latvia grensar til Austersjøen i vest, til Estland i nord, til Russland og Kviterussland i aust og til Litauen i sør. Landet er òg kalla Lettland[1], eit namn som var vanleg på norsk særleg i mellomkrigstida då landet fyrst fanst på europakartet som eiga eining.
Landet vart okkupert av sovjetiske troppar sumaren 1940 som del av Molotov-Rinnetrop-avtala, der mellom anna dei baltiske statane vart gjevne til Sovjetsamveldet av tyskarane, utan omsut til folket i dei tre landa. Frå 1940 til 1991, avbrote av den tyske okkupasjonen 1941-1944/45, var landet underlagt styret i Moskva som den latviske sosialistiske sovjetrepublikken. Dagens republikk kom til i 1991, då landet braut ut av Sovjetunionen.
Store delar av Latvia er skogkledd, og landet har over 12 000 små elvar og over 3 000 sjøar. Den største innsjøen i Latvia er Lubāns (20-100 km²). Daugava er den lengste elva med ei total lengd på 1 020 km lang, der 367 km renn i Latvia.
Mesteparten av landet er sett saman av dyrkande låglandssletter, med nokre åsar aust i landet. Det høgste punktet er Gaiziņkalns (eller Gaiziņš) på 312 meter over havet.
I nordvest opnar Rigabukta seg ut mot Austersjøen. Hovudstaden Riga ligg inst i denne bukta ved utløpet til elva Daugava (tidlegare Dvina eller Dyna på norsk). Andre større byar er Daugavpils lenger opp langs elva og Liepāja på vestkysten.
Klima
Latvia har eit temperert klima som ikkje er ulikt det ein finn i Skandinavia. Austersjøen medverkar i stor grad til dette, og fører til kjølig og fuktig vêr året rundt, og vintertemperaturane er relativt milde samanlikna med andre område på same breiddegrad. Lett snøfall er vanleg over heile landet om vinteren, men smelteperiodar som kjem med jamne mellomrom hindrar snødekket i å verta for djupt. Om sumaren har ein regn og regnbyer om lag kvar andre eller tredje dag. Mai og juni er den turraste tida på året. Riga har ein normal årsnedbør på 567 mm.
Administrativ inndeling
Sidan 2009 har Latvia vore delt inn i 110 kommunar og ni bykommunar.[2] Kommunane og byane har same status og myndigheit. Før denne reforma hadde landet 26 fylke og 525 kommunar.[3] Byane som utgjer eigne kommunar er Daugavpils, Jēkabpils, Jelgava, Jūrmala, Liepāja, Rēzekne, Rīga, Valmiera og Ventspils.
Dei fleste innbyggjarane i Latvia er latviarar. Dei utgjer rundt 62,1 % av folketalet. Nesten 26,9 % er russarar.[5] I nokre byar, til dømes Daugavpils og Rēzekne, er russarar i fleirtal. Det bur og minoritetar i landet, som kviterussarar, ukrainarar, polakkar og litauarar i Latvia. Latvia har lenge hatt ein etnisk blanda folkesetnad. Ved den fyrste offisielle folketeljinga, i 1897, utgjorde latviarar 68,3 %, russarar 12 %, jødar 7,4 % tyskarar 6,2 % og polakkar 3,4 %. Sidan har denne samansetninga vart endra av utryddinga av jødane under andre verdskrigen, utvandring av tyskarar etter andre verdskrigen, og innvandring av russarar og andre folk frå Sovjetunionen i sovjettida.
Tyske styrkar hærtok Latvia og Estland i 1917-18 og oppretta vasallstatar som var styrte av den tyske overklassa i Baltikum. Latvia erklærte seg so sjølvstendig den 18. november1918 etter tyskarane hadde tapa krigen i vest og tyske styrkar i aust måtte draga seg attende til Tyskland. Etter ein kamp mellom "dei kvite" og "dei raude" styrkane frå den russiske revolusjonen fekk Latvia til å hevda sjølvstendet sitt andsynes Sovjet-Russland, forfatta eiga grunnlov den 11. august 1920 og vart verande ein demokratisk republikk gjennom heile mellomkrigstida.
17. juni 1940 vart landet så hærteke av Den Raude Armeen og vart ein sovjetrepublikk. Den 6. september 1991 fekk Latvia så sjølvstende frå Sovjetunionen. Den nye grunnlova bygde på henne frå 1920. I 2004 vart landet medlem av NATO og EU.
Politikk
Latvia har ei nasjonalforsamling (Saeima) med to kammer, med 100 representantar som vert direkte valde for periodar på fire år. Presidenten vert vald av nasjonalforsamlinga for periodar på fire år. Presidenten utnemner statsministeren som utpeikar regjeringa si, som må vinna ei tillitsvotering i nasjonalforsamlinga.
20. september 2003 resulterte ei folkerøysting i 66,9% fleirtal for å gå inn i EU. 1. mai 2004 gjekk Latvia inn i unionen. Landet har vore NATO-medlem sidan 29. mars 2004.
Nasjonaldagen til Latvia er den 18. november. Det er då landet fyrst vart sjølvstendig, i 1918.
Økonomi
Etter frigjeringa har Latvia avskaffa planøkonomien og gått over til privat eigarskap av selskap, bankar og jord. Staten har likevel halda på delvis eigarskap i nokre store selskap.
Overgangsøkonomien til Latvia vart hardt råka av den russiske økonomiske krisa (Rubelkrisa) i 1998 fordi Latvia då handla mykje med Russland. Etter dette har latviske styresmakter og selskap orientert seg meir mot eksport til EU-land og dette har gjort Latvia mindre bunde av Russland både økonomisk, politisk og kulturelt. At Latvia vart WTO-medlem i februar 1999 og EU-medlem i mai 2004 har berre vore med på å styrkja orienteringa til landet meir og meir mot Vesten.
Likevel slit Latvia enno med ting som budsjettunderskot og korrupsjon. Regjeringa freistar å effektivisera skatteinnkrevjinga for å få bukt med noko av underskotet.
Bruttonasjonalproduktet til Latvia var 26,53 milliardar amerikanske dollar i 2004.
Dei fleste latviarar er kristne. Den største trusretninga er protestantisk, deretter katolsk og russisk-ortodoks. Livland som er den nordøystre delen av landet var del av det svenske imperiet i mange hundre år og difor er protestantismen særleg stor her og i byane der dei nordtyske hanseattane dreiv handel; medan katolikkane er mest talrike i sørvest i det gamle storhertugdømet Kurland. Dei russisk-ortodokse er i hovudsak etterkomarar av russarane som kom til landet i tsartida eller sovjettida.