Landet har fått namn etter bulgararfolket, som leia av khanAsparoukh kom inn på nord-balkanske landområde og blanda seg med slaviske og thrakiske innbyggjarar. Den første bulgarske staten blei til i 681, og landet var ei viktig europeisk stormakt på åtte- og nihundretalet. Det kjempa mellom anna mot Det bysantinske riket om kontroll over Balkan.
Bulgaria utgjer delar av dei gamle områda Thrakia, Moesia og Makedonia. Den sørvestlege delen av landet er fjellkledd med to alpine fjellkjeder - Rila og Pirin - og lenger aust dei lågare, men meir utstrekte Rodopifjella. I Rila ligg det høgaste fjellet på Balkan, Musala med ei høgd på 2925 meter. Den lange fjellkjeda Balkanfjella går frå vest mot aust i sentrale delar av landet, nord for den vidkjende Rozovadalen (Rosedalen). Ein har åskledde landskap og sletter i søraust, langs kysten av Svartehavet, og langs den største elva i Bulgaria, Donau, i nord. Andre store elvar i landet er mellom anna Struma og Maritsa i sør.
Balkan har fått namnet sitt frå Balkanfjella (eller Stara Planina) som delar Bulgaria i to frå Serbia i vest til Svartehavet i aust.
To fjellrekkjer og to breie dalar påverkar mykje av klimaet i Bulgaria gjennom heile året, og klimaet er ein overgang mellom middelhavsklima i sør og klimaet i sørlege delar av Russland i nord. Balkanfjella går aust-vest gjennom sentrale delar av landet, og skjermar delvis dei sørlege låglanda mot vinterkulda frå nord. Langs den sørlege grensa finn vi Rodopifjella, som hindrar varm og fuktig luft frå Hellas i å strøyme nordover. Det er likevel varmt i Bulgaria om sommaren. Sofia er eit par grader kjøligare enn dei låge dalane i aust, og spesielt kysten langs Svartehavet er mildare om vinteren. Hausten fører ofte med seg moderate temperaturar og er den tørraste tida på året, medan vinteren som regel er kjølig og skya. Snø er ganske vanleg i store delar av landet.