Bosnia-Hercegovina er eit land sør i Europa. Det grensar til Kroatia i nord, vest og sør, til Serbia og Montenegro i aust, og har ei kort kystline til Adriahavet ved byen Neum.
Namnet på landet kjem frå dei to regionane Bosnia og Hercegovina, som aldri har hatt noko definert grense mellom seg. Bosnia utgjer den nordlege delen av landet (om lag 80 %), medan Hercegovina utgjer den sørlege middelhavsregionen.
Nær 50 % av Bosnia-Hercegovina er dekt av skog. Dei største skogane finn ein sentralt og i austleg og vestlege delar av Bosnia. Nordlege område av Bosnia har svært grøderike jordbruksområde langs elva Sava.
Det er sju store elvar i Bosnia-Hercegovina: Una, Sana, Vrbas, Bosna, den lengste elva innanfor Bosnia, Drina, som dannar grense mellom Bosnia og Serbia, Neretva og Sava, som er den lengste av elvene som er innom Bosnia-Hercegovina, men ikkje den lengste elva i sjølve landet. Sava renn gjennom Serbia, Bosnia-Hercegovina og Kroatia. Ho dannar den naturlege grensa mellom Bosnia-Hercegovina og Kroatia.
Bosnia-Hercegovina har eit variert klima der vêrtilhøva kan endre seg mykje over korte avstandar. Lågtrykk i Middelhavet pøser mild og fuktig luft inn mot denne fjellrekkja om vinteren, og vestsida er eit av dei våtaste områda av Europa. Somme stader langs vestsida av Dei dinariske alpane kan få 4000 mm på eit år, medan kystbyane berre får om lag 1000 mm. Midtsumars er det stort sett berre sol, og dei indre områda kan få svært høge temperaturar. Mostar, ved Neretva, er ein av dei varmaste byane i Europa.
Dei lågareliggande områda i nord har eit klima som er meir likt Sentral-Europa. Nedbørsmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei turraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10 °C, eller kald luft (kalla kosavavind) frå Karpatane kan strøyme sørover. Fjella i vest vernar desse områda frå den kjøligare havlufta, så temperaturane om sumaren kan bli svært høge.
Næringar og ressursar
Jordbruk
Dette er hovudnæringa i Bosnia-Hercegovina.
Bøndene dyrkar kveite, mais, frukt, grønsaker, vindruer og tobakk.
Storfe og sauehald er òg svært viktig.
Industri
Bosnia har mykje militærindustri, men også stålindustri,
forsvarsindustri, og industri som lagar reiskapar.
Ressursar
Brunkol, jernmalm, bly, sink, mangan og bauxitt er vanlege ressursar.
Kjelder
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2024
Referansar
↑The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina, OSSE, 14. desember 1995