Gibraltar

Gibraltar
oversjøisk territorium
Flagg
Rikssegl
Motto: Nulli Expugnabilis Hosti – «Erobra av ingen fiende»
Nasjonalsong: Gibraltar Anthem &
God Save the King
Land  Storbritannia
Hovudstad Gibraltar
Areal 6,843 km²
Folketal 34 003 (2020)[1]
Språk engelsk
Guvernør David Steel
 •  Sjefsminister Fabian Picardo
Tidssone UTC +2
Retningsnummer +350 (utanom i Spania)
Domene .gi
Kart
Gibraltar
36°08′N 5°21′W / 36.14°N 5.35°W / 36.14; -5.35
Kart som viser Gibraltar.
Kart som viser Gibraltar.
Kart som viser Gibraltar.
Wikimedia Commons: Gibraltar

Gibraltar er eit britisk oversjøisk territorium som ligg sørvest i Europa. Territoriet har ei 1,2 km lang grense mot Spania og ei 12 km lang kystlinje. Høgaste punkt er 426 m, på kalksteinsfjellet som utgjer mestedelen av Gibraltar. Gibraltar ligg på ein strategisk stad. Gibraltarsundet er eit smalt havstykke over til Afrika. Sundet bind saman Atlanterhavet med Middelhavet.

Namnet Gibraltar kjem frå arabisk جبل الطارق‎, romanisert Ġabal al-Ṭāriq, som tyder «Ṭāriq-fjellet» (oppkalla etter feltherren Ṭāriq ibn Ziyād). Tidlegare kalla fønikarane det Calpe, ei av søylene til Herakles. I dag er Gibraltar òg kjent som «Gib» eller «the Rock».

Historie

Gibraltar vart overført til Storbritannia frå Spania i 1713 gjennom Freden i Utrecht. Formelt vart Gibraltar erklært britisk kronkoloni i 1830.[2]

Der er halde to folkerøystingar, i 1967 og 2002, der gibraltararane hadde høve til å røysta om kva land Gibraltar skulle høyra til. Trass i stort spansk press røysta eit stort tal av folket på Gibraltar for framleis å vera under den britiske krona.

Folkesetnad

I juli 2022 hadde Gibraltar om lag 32 700 innbyggjarar frå fleire etniske grupper: Spanjolar, italienarar, engelskmenn, maltesarar, portugisarar, sefardiske jødar og andre. Dei fleste som bur på Gibraltar høyrer til den romersk-katolske kyrkja.

Styre

Gibraltar høyrer til Storbritannia, som formelt vert representert av ein guvernør utpeika av den britiske krona.

Den praktiske lovgjevinga vert fastsett av eit lokalt råd. Rådet har 18 folkevalde medlemmer.

Galleri

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.gibraltar.gov.gi/statistics/key-indicators; vitjingsdato: 27. juni 2021.
  2. «Gibraltar» (på engelsk). CIA – The World Factbook. Henta 17. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Gibraltar
  • Offisiell nettstad Endra lenkja på Wikidata
  • Aaris, Malene; Nicolaisen, Anne; Petersen, Hans Christian; Jensen, Lis; Ventegodt, Ole; Ørsted, Peter: Gibraltar i Den Store Danske på lex.dk.