Arabisk språk blir snakka som daglegspråk i heile den arabiske verda og som liturgisk språk i alle muslimske land.
Offisiell status
Liste over språk, region eller kommunar der språket har offisiell status.
Dialektar
Termen arabisk viser som regel til klassisk arabisk (språket i Koranen). I ulike arabiske land snakkar folk arabisk på ulik måte, hadde det ikkje vore for samlinga rundt eit felles skriftspråk (skrive med det arabiske alfabetet) ville vi ha rekna dei ulike arabiske talarane som talarar av ulike språk.
Avleidde språk
Maltesisk var i utgangspunktet ein arabisk dialekt men skil seg no frå arabisk på mange felt, både innanfor fonologi, morfologi og ordforråd.
Lydsystem
Vokalar
Klassisk arabisk har tre vokalar, a, i, u. Kvar av desse kan vera kort eller lang. I moderne arabiske dialektar finn ein òg vokalane e (oftast som variant av i eller a) og o (oftast som variant av u eller a).
Arabisk er kjend for det høge talet på bakre konsonantfonem.
Grammatikk
Det arabiske språket byggjer på eit rotsystem, som så ofte når det kjem til semittiske språk. Kvart ord har ei grunnleggjande rot på (som oftast) tre konsonantar. Til dømes verbet kataba, som tyder 'å skrive' (bokstavleg 'han skreiv'), består av konsonantane k, t og b. Dei same rotkonsonantane kan ein finne i ordet maktbab ('eit kontor' eller 'ein pult'). Då kan ein sjå at rota k-t-b famnar om eit spesielt emne, nemleg skriveaktiviteten.
Låneord byggjer som oftast ikkje på noko rot, men vert transkribert direkte til arabisk skrift.
Verb
Verb på arabisk kan delast inn i to hovudformer: perfekt og imperfekt. Perfekt vert i hovudsak nytta for fortid, medan imperfekt vert nytta for notid og framtid. Likevel er det mange unntak frå denne regelen.
Perfekt og imperfekt kan vidare delast inn i to underformer: aktiv og passiv. Generelt så kan ein seie at aktiv-forma er der utøvaren av handlinga er aktivt med på det. Medan i passiv-forma så vert noko gjort. Til dømes:
kataba (perfekt, aktiv) tyder 'han skreiv'.
kutiba (perfekt, passiv) tyder 'det vart skrive'.
yaktubu (imperfekt, aktiv) tyder 'han skriv'.
yuktabu (imperfekt, passiv) tyder 'det vert skrive'.
Kasus
Arabisk har tre aktive kasus: Nominativ, akkusativ og genitiv.
Ordforråd
Skriftsystem
Arabisk blir tradisjonelt skrive med ulike skriftsystem i ulike kulturar. I den muslimske fleirtalskulturen i det arabiske språkområdet brukar ein så og seie utelukkande det arabiske alfabetet. I sefardisk og mizrahiskjødisk kultur vart arabisk derimot oftast vorte skrive med det hebraiske alfabetet heilt fram til vår tid. Språkforma i dei jødiske tekstane er òg kjend som judeoarabisk eller jødearabisk. I vestleg kultur, ved chatting og SMS-kommunikasjon, kan arabisk bli skrive ved hjelp av tal og latinske bokstavar; ei engelskpåvirka skriveform som går under slangnamnet aralish eller arabish.