Det tradisjonelle heimnamnet til Armenia er Hajk. I mellomalderen blei namnet utvida til Hajastan med det persiske suffikset -stan (land). Namnet blir ført tilbake til nasjonalhelten Hajk, som skal vera stamfaren til armenarane og tippoldebarnet til bibelske Noah.
Armenia er eit eksonym brukt av persarar i 515 f.Kr. (Armina) og gamle grekarar. Dette namnet skal stamma frå Aram, ein etterkomar av Hajk.
Armenia er eit fjelland, 90 % av landet ligg høgre enn 1000 meter over havet. Fjellkjedene i nord er over 3 000 meter høge. Den inaktive vulkanenAragats (4 090 m) er den høgste toppen. Jordskjelv er framleis ein betydeleg risiko i landet. Den største innsjøen i Armenia er Sevansjøen, som ligg på 1 900 moh. og har ei flate på 1 417 km2. Aras er den lengste elva. Både Tigris og Eufrat har sine kjelder i Armenia.
Klima
Armenia har eit utprega kontinentalklima med varme, nesten tropiske somrar og kalde vintrar, samt store temperatursvingingar mellom dag og natt. Vinteren er kald og snørik. Jerevan har ein årleg nedbørsnormal på 318 mm, og middeltemperaturane varierer frå 34 °C på dagtid i juli til -9 °C om natta i januar. Ein har derimot hatt temperaturar ned mot -27 °C og opp mot 40 °C her.
Historie
Armenia er ein svært gammal nasjon med røter tilbake til antikken. Landet vart kristna tidleg på 300-talet. Etter tradisjonen hende dette i 301 og gjeorde Armenia til det fyrste landet i verda som innførte kristendom som statsreligion, tolv år før Roma. Det historiske Armenia omfatta mellom anna delar av Tyrkia.
Under fyrste verdskrigen døydde mellom 500 000 og 1,5 million armeniarar, og det har seinare vore diskusjonar om det kan vere snakk om eit folkemord. Nokre land, blant dei Noreg, meiner at eit folkemord har funne stad, medan fleirtalet og FN ikkje har kome med eit slikt vedtak.
Sjølv om landet geografisk ligg i Asia har det kulturelle samband med Europa. For eksempel er Armenia medlem av fleire europeiske organisasjonar, slik som fotballforbundet UEFA.