Burgas (bulgarsk Бургас), stundom skrive Bourgas, er ein by og ein kommune i provinsenBurgas i Bulgaria og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Burgas og Bălgarovo og ti andre busetnader.
Burgas er den fjerde største byen i landet, og den nest største byen på kysten av Svartehavet etter Varna. Kommunen har eit areal på 532 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 196 582 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 189 741 innbyggjarar.[2]
Til storbyområdet for Burgas høyrer heile kommunen Burgas i tillegg til kommunane Sozopol og Kameno.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 218 111.[2]
Byen er omringa av Burgassjøane, og er det vestlegaste punktet i Svartehavet i den store Burgasbukta. Burgas har den største og viktigaste hamna i Bulgaria, og byen er eit senter for industri og turisme. I dag er byen eit viktig økonomisk og kulturelt senter i søraustlege delar av Bulgaria, der Burgas flyplass tener feriestadane langs den sørlege bulgarske kysten.
↑ 1,01,11,2I 2015 vart landsbyane Rudnik og Tsjerno More innlemma som bydelar i Burgas,[5] slik at byen med grenser slik dei no er, hadde 206 139 innbyggjarar i 2011.
Referansar
↑ 1,01,1Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)