Tsjekkisk er eit av dei vestslaviske språka, saman med slovakisk, polsk, pommersk, og sorbisk. Det vert tala av dei fleste i Tsjekkia og av tsjekkarar over heile verda (totalt har om lag tolv millionar tsjekkisk som morsmål). Tsjekkisk ligg veldig nær slovakisk og polsk, og tsjekkarar og slovakarar skjønar vanlegvis einannan godt.
Tsjekkisk blir gjerne delt inn i fire hovuddialektar: Bøhmisk, sentral-moravisk, aust-moravisk (eller moravisk slovakisk) og silesisk. Aust-moravisk er ei overgangsform mellom tsjekkisk og slovakisk, medan silesiske dialektar går inn i eit dialektkontinuum med polsk. Det tsjekkiske skriftspråket byggjer på Praha-dialekten, som er bøhmisk. Eit standardtalemål som byggjer på litterært tsjekkisk påverkar og trenger ut mykje lokal variasjon.