Tsjukotka[a] er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Anadyr, arealet er 737 700 km² og innbyggjartalet er 49 527 (2021).
Tsjukotka ligg heilt aust i Russland og omfattar det austlegaste punktet på det eurasiske fastlandet. I aust er det berre skilt med nokre frå kilometer frå Alaska i USA. Landskapet er stort sett fjell og fjellvidder, med litt lågland rundt elva Anadyr. Høgste punktet er 1 843 meter over havet. Her finst førekomstar av tinn, kvikksølv, kol, gass og gull. Klimaet er arktisk – middeltemperaturen i januar er –29 grader celsius og i juli +9 grader celsius. Havet rundt Tsjukotka er store delar av året frose.
Dei fremste næringsvegane er gruvedrift og reindrift.
Folkesetnad
Den etniske samansetjinga ved folketeljinga i 2010 var:[3]
Etter oppløysinga av Sovjetunionen har folketalet i Tsjukotka gått kraftig ned. I 2010 var det under ein tredel av kva det var ved folketeljinga i 1989, då det budde 164 783 menneske her. Dette har i stor grad hendt fordi etniske russarar og andre folkegrupper frå andre delar av Russland har forlate regionen; i 1989 var 66,1 % av folket etniske russarar, medan dei i 2010 var under 50 %. Urfolket utgjer dermed ein stadig større del av folket - i 1989 utgjorde tsjuktsjarane berre 7,3 % av folket, mot 25,3 % i 2010.
Historie
Tsjuktsjarar, inuitar og andre urfolk har budd i dette området sidan før-historisk tid. Dei første russiske oppdagarane kom til området på 1600-talet. Den første permanente russiske busetjinga oppstod ved elva Anadyr. På midten av 1800-talet kom amerikanarar til området og starta opp industriverksemd. Dei lokale folkeslaga levde endå som stammefolk på starten av 1900-talet.
Etter den russiske revolusjonen kom Tsjukotka under kontroll av dei kontrarevolusjonære (kvitegardistane). I juli 1920 vann styrkar frå Den raude arméen eit slag her, men i 1921 kom nye kvitegardistar frå Vladivostok og gjenoppretta kontroll. Først i 1923 fekk bolsjevikane endeleg kontroll over området - det var såleis eit av dei siste områda i Russland som kom under kommunistisk kontroll. Den 10. desember 1930 vart det autonome området oppretta.
Før 1991 var Tsjukotka eit autonomt område underlagt Magadan oblast. Med oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Tsjukotka eit føderasjonssubjekt direkte under den russiske føderasjonen.
I 2000 vart forretningsmannen og milliardæren Roman Abramovitsj vald til guvernør i Tsjukotka. Han kom ikkje frå området, budde der ikkje og vitja det sjeldan, men pløgde store summar inn i området og starta også leiteboring etter petroleum der. Den 21. oktober 2005 vart han utpeika av president Vladimir Putin som guvernør for ein ny femårsperiode. I 2008 gjekk han av som guvernør og vart erstatta av Roman Kopin.
Merknader
↑russisk Чукотский автономный округ Tsjukotskij avtonomnyj okrug, tsjuktsjisk Чукоткакэн автономныкэн округ Tsjukotkakèn avtonomnykèn okrug
1 Okkupert og annektert av Russland i 2014. Ukraina og dei fleste FN-statane anerkjenner ikkje annekteringa. 2 Okkupert og annektert av Russland i 2022. Anerkjent som russisk territorium av Russland, Syria og Nord-Korea. Ukraina og dei fleste FN-statane anerkjenner ikkje annekteringa.