Ufa (russisk skrift Уфа́; basjkirsk Өфө, Öfö ; tatarisk Уфа, Ufa ; tsjuvasjisk Ӗпхӳ, Ephü ) er hovudstaden i republikken Basjkortostan og den ellevte største byen i Russland med like over 1 million innbyggjarar.
Ufa er eit av industrisentra i dei vestlege Uralfjella og ligg der elvane Belaja og Ufa renn saman. Av industriar i byen finst produksjon av elektrisk utstyr og gruveutstyr, oljeraffineri, petrokjemikalar , syntetisk gummi og prosessert mat. Ufa lufthamn har samband til fleire byar i Russland, og til Armenia , Aserbajdsjan , Tyskland , Tyrkia og Usbekistan . Det ligg òg ein mindre flyplass, Ufa Maksimovka lufthamn , nordaust for byen.
Av utdanningsinstitusjonar finn ein mellom anna Basjkir statsuniversitet .
Historie
Byen voks opp rundt ei festning bygd etter ordre frå Ivan IV i 1574 og hadde opphavleg namn etter åsen festninga stod på, Tura-Tau. Byen vart etter kvart kalla «Ufa», som tyder 'liten' på tyrkisk , av dei lokale innbyggjarane og namnet vart verande. I 1802 vart Ufa hovudstaden i Basjkira.
I 1918 var Ufa residens for den provisoriske allrussiske regjeringa .
Av kjende innbyggjarar frå Ufa finn ein mellom anna dansaren Rudolf Nurejev , ishockeyspelarane Andrej Ziuzin , Alexander Semak og Igor Kravtsjuk , rockesongarane Zemfira og Juri Sjevtsjuk, som er frontmann i DDT , og økonomen Elvira Nabiullina , som vart sentralbanksjef i Russland i 2013.
Bakgrunnsstoff