Gjedeboe var son av ein gardbrukar i Orkdal. Han tok teneste som soldat i 1804 i Trondheim, åra 1804-18 var han underoffiser i trondhjemske infanteribrigade. I 1814 var Gjedeboe 2. utsending frå regimentet ved riksforsamlinga på Eidsvoll.
Frå 1818 til 1824 var Gjedeboe trearbeidar, arbeidde mest som dreiar. I 1824 fekk han løyve til å drive brennevinshandel, frå 1831 var han høker. Perioden 1838-50 var han politibetjent. Alle desse åra budde han i Trondheim.
Då han tok avskjed med politietaten, flytta Gjedeboe til Liland i Ofoten. Der, hos sonen som var lensmann, døydde han fire år seinare.
Kjelder
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914