Lund vart cand. theol. i 1795, men var aldri prest. Far hans var kjøpmann Jochum Lund i Farsund, og han gjekk inn i handelshuset til faren. Seinare overtok han handelshuset og dreiv det fram til 1830.
I 1814 var Lund utsending frå Lister len til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han var då medlem av finanskomiteen. Mange år seinare, 1827, 1828 og 1830 var han stortingsrepresentant frå Lister og Mandals amt. På desse tingsamlingane var han medlem av Lagtinget. I 1827 var han elles medlem av komiteen om fiskeria, og om brennvinsbrenning. Han var og medlem av riksretten. På det overordentlege storting 1828 var han med i reglementskomiteen, i 1830 medlem av komiteen om justis- og politivesen, om brannvesenet i byane og om kjøpstadskatten.
Lund vart i 1830 postmeister i Trondheim. Han døydde der to år seinare.
Kjelder
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914