Sivert Pålsson Bratberg (1780–27. juni 1816) var ein norsk lærar, gardbrukar og eidsvollsmann frå Solberg sokn i Beitstad i Nord-Trøndelag.[1]
Bratberg var i yngre år omgangsskulelærar i Solberg. Sidan var han gardbrukar på garden Velde i heimbygda. I 1814 var han utsending frå Nordre Trondhjems amt til riksforsamlinga på Eidsvoll.[2]
Det er noko uklårt kva for eit parti han stemde med, Eidsvoll 1814 oppgjer at det er ukjend og Store norske leksikon skriv at han moglegvis tilhøyrde Sjølvstendepartiet.[3][4]
Han døydde på garden sin sommaren 1816, etter å ha vorte sparka av ein hest.[1]
I 1914 blei det reist eit minnesmerke over Bratberg og eidsvollmannen Daniel Larsson Skjevik på Solberg gamle kyrkjegard på Beitstad i Steinkjer.[5]