Moss Jernverk var eit jernverk i Moss, grunnlagd i 1704. Verket var i mange år den største verksemda i byen, og med kraft frå Mossefossen blei malm frå Agderfylka smelta og gjort til ein rekke produkt. Frå midten av 1700-talet blei verket Noregs leiande rustningsverksemd og støypte hundrevis av tunge kanonar i jern, Noregs fyrste valseverk for jern blei også oppretta der.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Moss Jernverk