I 1814 var han medlem av riksforsamlinga i Eidsvoll som andre deputerte representant for Norske Jægerkorps, og var på den tida korporal i Valderske skarpskytterbataillon. I riksforsamlinga fylgde han sjølvstendepartiet, men han deltok ikkje aktivt. Han gjorde seg likevel merksam ved å røyste imot alt det hans overordna, kapteinen og unionsmannenPalle Fleischer, røysta for. Etter riksforsamlinga heldt han fram som valmann. Han vart aldri stortingsmann, men var varamann i 1832. I ei tid var han også varaordførar på heimstaden.
Han døydde som kårmann på garden i Balke sokn på Østre Toten i 1866.
Kjelder
«Niels Dyhren» i Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845.