Erna Solberg (fødd 24. februar1961) er ein norsk politikar for Høgre. Ho var statsminister i Noreg frå 2013 til 2021. Solberg har vore partileiar i Høgre sidan 2004, og vart vald inn på Stortinget frå Hordaland sidan 1989. I 2005 vart ho òg parlamentarisk leiar. Solberg var leiar i Høgrekvinner sitt Landsforbund 1993–1994, kvinnepolitisk leiar i Høgre 1994–1998, kommunal- og regionalminister 2001–2005 og første nestleiar i Høgre 2002–2004.
Liv og virke
Bakgrunn
Erna Solberg vart fødd i Arna[1], som den gong var ein del av Haus kommune, i 1961 som dotter av konsulent Asbjørn Solberg (1925–1989) og kontorfullmektig Inger Wenche Torgersen (1926–). Faren var tilsett i Bergen Sporvei, og Erna Solberg voks opp som den mellomste av tre søstrer.[2] Ho var først elev ved Nygård skule. Med dysleksi var ikkje skulegangen utan vanskar,[3] men ho fekk først påvist diagnosen som 16-åring, og naut godt av sterke muntlege evner.[4] På fritida var ho skulemusikant og aktiv speidar i KFUK, og tok pianotimar.[2]
Erna Solberg har vore gift med siviløkonom Sindre Finnes (1964–) sidan 1996, som tidlegare har vore både tilsett og tillitsvald i Høgre, og saman har dei to born.[3][5] For sitt bidrag i heimen vart Finnes kåra til «Årets mann» av Høgres Kvinneforum i 2002.[5] Familien har vore busett både i Rådal i Bergen og i Oslo.[2][5]
Karriere
Lokalpolitikar
Allereie som gymnasiast tok ho på seg verv som medlem av arbeidsutvalet i Bergens Unge Høgre 1978–1979, leiar for Operasjon Dagsverk i 1979, medlem av sentralstyret i Norges Gymnasiastsamband 1979–1980 og elevrepresentant i Rådet for vidaregåande opplæring 1979–1980. Solberg var seinare lønna sekretær i Operasjon Dagsverk 1983–1985.
I studietida hadde Solberg ei rekkje tillitsverv som varamedlem av Bergen bystyre 1980–1983, medlem av Bergen skulestyre 1980–1983, formann i Bergen Unge Høgre 1980–1982, nestformann i Hordaland Unge Høgre 1980–1981, formann i Bergen Konservative Studenterforening 1985–1986, formann 1985–1987 og nestformann 1987–1989 i Sandviken Høgre, medlem av arbeidsutvalet i Bergen Høgre 1986–1988 og valkampleiar i Bergen Høgre framom bystyrevalet i 1987. Etter valet tok ho sete som medlem av bystyret og varamedlem av formannskapet fram til 1989, da ho vart friteken frå verva.
Stortingsrepresentant
Som kommunal- og regionalminister arbeidde ho særleg for eit styrkt velferdstilbod innanfor ei ramme av færre og sterkare kommunar, i tillegg til regionalt samarbeid på tvers av fylkeskommunane.[6] Ho reformerte òg den norske asyl-, flyktning- og innvandringspolitikken, og etablerte ein fungerande praksis for rask behandling av asylsøknader utan grunnlag.[6] Sidan ho tiltredde som partileiar i 2004, har Solberg særleg vektlagt den sosiale delen av – og det verdimessige grunnlaget for – Høgre sin politikk. Partiet har òg teke ei meir utprega pragmatisk retning.[7]
Etter stortingsvalet i 2009 steig oppslutninga rundt Høgre som parti og Solberg som statsministerkandidat mykje på meiningsmålingane.[7]Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 vart Høgre sitt beste sidan 1979. Framom stortingsvalet i 2013 var det eit uttalt mål for Høgre å danne ei koalisjonsregjering mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre med Solberg som statsminister.[8] Resultatet vart ei regjering med Frp og Høgre som hadde ein avtale med Venstre og Krf i Stortinget.[9] Etter Stortingsvalet 2017 hadde Solberg framleis det parlamentariske grunnlaget for regjeringa si, og Venstre vart del av regjeringa i byrjinga av 2017. Hausten 2018 vedtok Kristeleg Folkeparti å forhandle om å gå inn i regjeringa dei med.
Skandalar
Hausten 2023 vekte ektefellen hennar, Sindre Finnes, åtgaum etter at det vart kjent at han hadde utført 3 643 aksjetransaksjonar medan Solberg var statsminister; dette medførte at Solberg var inhabil i somme saker medan ho var statsminister.[10][11] Sentralstyret til Høgre har uttrykt sin tillit til Erna Solberg.[12]
Utmerkingar
I 2005 vart Solberg utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.