Trine Lise Sundnes (fødd 6. februar 1970) er ein norsk politikar frå Oslo. Ho er sidan 2021 stortingsrepresentant frå Oslo for Arbeidarpartiet.
Sundnes var leiar i LO-forbundet Handel og Kontor (HK) frå 2013 til 2020. Perioden april 2020 til hausten 2021 leia ho LO si internasjonale avdeling. Sidan 2015 er ho styreleiar i FN-sambandet.
Ved stortingsvalet 2021 var Sundnes Oslo Arbeidarparti sin fjerdekandidat og fekk med god margin fast plass på Stortinget. Her vart ho plassert i Arbeids- og sosialkomiteen.
Kjelder