Knut Arild Hareide (fødd 23. november1972 på Bømlo) er ein tidlegare politikar, og leiar for KrF frå 2011 til 2019. Hareide gjekk av som partileiar i 2019 etter at KrF valde å gå inn i regjering med Høgre, Venstre og Framstegspartiet, det sistnemnde partiet ville ikkje Hareide ha i koalisjonen.[1] Sidan 1. januar 2022 har han vore sjøfartsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.[2]
Då Hareide tiltredde stillinga som miljøvernminister 18. juni 2004, berre 31 år gammal, vart han den yngste ministeren frå KrF nokon sinne.
I det sivile livet har Hareide vore tilsett i Schibsted-konsernet sidan 1997. I januar 2007 vart det kjent at Hareide førebels trekte seg frå politikken for å satse på ein karriere i næringslivet. Frå 2007 til hausten 2009 var han tilsett som organisasjonsdirektør i Schibsted.[3]
Hareide blei ved stortingsvalet 2009 vald inn som representant frå Akershus. Han leia Transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget.
Hareide er gift med Lisa Marie Hareide, saman har dei to born.[1]