Han voks opp og budde på Hareid. Etter fullført handelsgymnasium overtok han i 1920 havfiske- og handelsselskapet Johan E. Hareide A/S, som faren hadde bygd opp. Som fiskebåtreiar hadde han ansvaret for fleire selskap. Han la ned mykje arbeid i fiskeriorganisasjonane. Mellom anna var han første disponenten for Storsildlaget som vart skipa i 1927. Han var og med i Stor- og Vårsildlaget, organisasjonen for drivgarnsflåten, og som hadde tyngdepunktet sør om Stadt. Då desse to organisasjonane vart samanslegne til Sildesalgslaget, i 1940, vart Einar Hareide ordstyrar på årsmøta, det såkalla Sildetinget, til 1970. Frå 1928 var han styreformann i Sildefiskernes Fabrikklag. Han var og med i fleire andre fiskeriorganisasjonar.
Einar Hareide hadde administrative verv. Han sat i styre, og som formann i fleire næringsverksemder, dei fleste på Sunnmøre. Han hadde og verv innan kristelege organisasjonar, særleg i Norges Kristelige Ungdomsforbund og Det Norske Misjonsselskap.
På Stortinget representerte han Møre og Romsdal KrF i fem periodar frå 1945 til 1965. Han sat i Sjøfarts-og Fiskerikomiteen i alle 20 åra. Han var og visepresident i Lagtinget.
Einar Hareide var formann i Kristeleg folkeparti 1955–67.