Frå 1. januar 2024 vart Ålesund kommune delt, og Haram vart uskild som eigen kommune.
Heile landarealet inkludert innsjøar er no ca. 632 km²., meir enn det femdoble av arealet før år 2020, av dette er i dag 41 km² jordbruksareal.[4]
Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre og inkluderer øyane Hessa i vest, Aspøya og Nørvøya i midten, og halvdelen av Oksnøya i aust. I nord ligg Ellingsøya åtskilt frå dei førstnemnde øyane ved Ellingsøyfjorden, men det er tunnelsamband under fjorden frå byen. Hamna i Ålesund er stoppestad for Hurtigruta og tek òg imot ferjer og lasteskip frå mellom anna Hamburg, Newcastle og Kingston upon Hull.
Byen ligg nær både rike fiskebankar og kystleia mellom nord og sør, og har lenge vore ei viktig fiskehamn. I 1824 vart han eksportsenter for klippfisk til Spania, noko som førte til stor vekst og bystatus i 1848. På 1950- og 60-talet var Ålesund ei av dei viktigaste sildehamnene i verda.
Ålesund vert først nemnd i skriftlege kjelder på 1500-talet, då handelsmenn frå Bergen busette seg ved sundet mellom Aspøya og Nørvøya.
Bybrann
23. januar1904 vart Ålesund ramma av ein brann. Brannen starta på Aspøya, i Aalesund Preserving Co.s fabrikk, som låg der Nedre Strandgate 39 ligg i dag. Brannen slutta like vestanfor det som i dag blir kalla Brusdalshagen, det vil seie Borgundvegen 39. Det siste og austlegaste huset som brann, stod der Borgundvegen 37 står i dag. Totalt gjekk det med om lag 850 hus, og berre om lag 230 hus stod att innanfor bygrensene. Berre ein person omkom under brannen.
Rikeleg med hjelp kom til Ålesund frå fjernt og nært i Noreg og i utlandet. Men mykje av den gode hjelpa vart fullstendig overskugga av det Tyskland i Keisar Wilhelm II sitt namn sendte nordover. Keisaren hadde vore mykje på ferie i Sunnmøre, og no sørgde han for at fire skip lasta med materiale vart send for å hjelpa byen til å reisa seg att. Attoppbygginga kom i gang for fullt utpå hausten 1904. Allereie tre år etter, i 1907, var mesteparten av den utbrende bykjerna attreist.
Treng oppdatering
Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å oppdatere han.
Kultur
Ålesund held festivalar året gjennom, nokre av dei største inkluderer:
Bjørn Bjørnevik (1896-1955), skodespelar, teatersjef og dramatikar
Sylvi Listhaug (1977–), politikar (Frp),landbruksminister 2013-15, innvandrings- og integreringsminister fra desember 2015, justisminister fra januar 2018 til mars 2018. i regjeringa Solberg.