Ragnar Karl Viktor Christiansen (28. desember 1922–18. februar 2019) var ein norsk politikar for Arbeiderpartiet, fødd i Drammen i Buskerud. Han var finansminister i den fyrste Bratteli-regjeringa og samferdsleminister 1976-78 i Nordli-regjeringa.
Christiansen vart vald inn på Stortinget frå Buskerud ved stortingsvalet 1957. Frå 1958 var han fast stortingsreprsentant til hausten 1977. Han var vararepresentant i periodane 1950–1953 og 1954–1957.
Christiansen var ordførar i Nedre Eiker i perioden 1955–1957. Han var fylkesmann i Buskerud frå 1980 til 1988.