Eirik Milde (fødd 20. mai1958) er ein norsk politikar som er ein av Høgres tre representantar frå Østfold på Stortinget 2013-2017.[1] Milde er medlem av Energi- og miljøkomitéen.[2]
Eirik Milde har vore medlem av både administrasjonsutvalet og fylkesutvalet i Østfold fylkeskommune.[3] Han har vore engasjert i Halden Høgre sidan 1999, og har hatt ei rekkje ulike verv både der og i Østfold Høgre. Mellom anna: varaordførar i Halden frå 2001-2007, ordførarkandidat i Halden i 2003 og representert Høgre på fylkestinget 2007-2009. Frå 2008 er han andre nestleiar i Østfold Høgre og 2011-2015 er han representant i kommunestyret i Halden.[4]