Peter Christian Frølich (fødd 17. september1987 i Bergen) er ein norsk politikar (H) som er stortingsrepresentant frå Hordaland 2013-2017.
Frølich har vore medlem av Bergen bystyre og fraksjonsleiar i komitéen for oppvekst sidan 2011. Han har også vore medlem av sentralstyret i Unge Høgre sidan 2012, formann i Bergens Unge Høgre 2010–2012 samt politisk rådgjevar for byrådet i Bergen kommune 2010–2011.[1] Hausten 2012 blei Frølich nominert som Høgres 3. kandidat til Stortinget frå Hordaland ved stortingsvalet 2013.
Frølich har studiekompetanse frå Bergen Handelsgymnasium, der han også var elevrådsleiar.[2] Han har mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 2012, og har sidan vore advokatfullmektig i Kluge Advokatfirma DA i Bergen.[3] Masteroppgåva hans omhandla bistandsreglane i Forsvaret, som han meinte var utan heimel i gjeldande lov og i strid med Grunnlova.[4][5] Frølich tenestegjorde i militærpolitiet i den frivillige innsatsstyrken Bjørn West i Bergenhus Heimevernsdistrikt 09 2007–2012.[3]