varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (2013–2017)
vararepresentant til Stortinget (2021–)
Kristin Ørmen Johnsen (fødd 8. mars1953) er ein norsk politikar (H) som er representant for Buskerud på Stortinget i perioden 2013-2017. Her er ho medlem i Valkomitéen og Helse- og omsorgskomitéen.[1]
Kristin Ørmen Johnsen er utdanna sjukepleiar, og har m.a. jobba ved sjukehus i Dublin. Ho har mastergrad i organisasjon og leiing. Sidan 2004 har ho sete som rektor ved Høgskolen i Buskerud. Tidlegare har ho vore både dekan og prorektor ved HiBu.[2]
Ho har lang politisk karriere med erfaring frå både Drammen Høgre og Buskerud Høgre sidan 1990-talet.[3] Frå 2001-2004 jobba ho som statssekretær for Erna Solberg i regional- og kommunaldepartementet på Stortinget.[2]