I 1995 trekte Tetzschner seg frå aktiv politisk deltaking, etter at han og Oslo Høgre hadde avvist byrådssamarbeid med Framstegspartiet. Etter mange års fråvær annonserte han i januar 2006 at han atter ville engasjere seg i politikken, og vart vald til leiar av Oslo Høgre 21. januar 2006, som etterfølgjar for Heidi Larssen. Gustav Heiberg Simonsen var motkandidat. I februar 2009 vann Tetzschner ei kampvotering mot Inge Lønning om tredjeplassen på Oslo Høgre si liste ved stortingsvalet i 2009. Plassen vart sett på som sikker, og ved stortingsvalet fekk også fjerdekandidat Nikolai E. Astrup stortingsplass.
Han er gift med Kristin Clemet, og dei har to barn. I tillegg har han to eldre søner med Berit Tetzschner. Som åtteåring vart han foreldrelaus og flytta frå København til besteforeldra på Smestad i Oslo.[2]
Tetzschner er onkel til Opera-grunnleggjar Jon Stephenson von Tetzchner (merk manglande s i etternamnet).
↑Portrettintervju i Dagens Næringsliv 1995-11-04. I Advokatbladet 2006-02-02 uttalar han at han heiter Michael von Tetzschner, men at han berre nyttar «von» på offisielle papir.